|
Aurdalsbyen
Aurdal er dalføret sør-aust
for Fagernes. Dalen har fått namn etter elva i dette området.
I den øvre delen er gardsbebyggelsen samla på austsida av dalen. Senteret i
området er den vesle tettstaden Aurdal. Kyrkja står ved nordenden av ”Aurdalsbyen”.
250 år har Aurdalskyrkja vori sentrum i
Aurdalsbyen. Men skal me våge å seia noko om når dei fyrste fastbuande aurdølene
ferdast langs Fasle og sørover, kan me nokolunde trygt leggje på ein null til
dei 250 år.
Aurdal vart gjennom hundreåra
etter reformasjonen det administrativet senteret i Valdres. Her var budde
presten/prosten, lensmannen, legen, skrivaren og futen. Her var skysstasjonane,
motebutikkar, landhandleri, ja stort sett alt som trengtes i ein "småby" som
Aurdalsbyen var. Sidan det var samla så mykje embetsfolk på ein liten stad vart
Aurdalsbyen ein smeltedigel for kulturellt mangfald. Embetsfolket hadde med seg
sine vanar, kulturar, ideologiar og ikkje minst lærdom. På bakgrunn av dette kom
nye stilretningar innanfor mote, musikk, dans og byggeskikk til å prege
Aurdalsbyen. Her gjekk fattige husmannsfolk rundt i slitte og velbrukte klede og
spelte og dansa springar og laus i festelege lag. Men her gjekk óg embetsfruene
rundt i sine "krinolineskjørt og reisehatt og flor" og dansa lancers, francese
og Fandango når dei kondisjonerte hadde sine ballselskap. Amtsdyrlege Eivind
Kristoffersen Bolleng kom til Aurdal i 1854. Han var av dei få som hadde omgang
med både husmannsfolket og dei kondisjonerte. Han hadde ei skarp tunge, og her
fylgjer to vers av ei vise han dikta om livet i Aurdalsbyen:
Om
Pigerne i Aurdal jeg og vil si et ord.
Jeg nevner ikke Navnet ei heller hvor de bor.
De strir af alle Kræfter at ligne Storfolk efter,
med Krinoline Skiørter og med Reisehat og flor.
Jeg noget og vil sige om den
simple Bondedræng.
Han fjaser og han klær sig efter Kondisionerte slæng.
Med Trøie utaf Klæde, om Halsen Sølverkiæde,
og ennu meget mere som jeg ej beskrive kan.
Frydenlund skysstasjon
Ein
av dei best besøkte turiststadene i Valdres mot slutten av 1800-talet var
Frydenlund skysstasjon. Her var det Kari Frydenlund eller Mor-Kari, som ho ofte
vart kalla, som styrte. Frydenlund Skysstasjon hadde, i
motsetnad til fleire av dei andre skysstasjonane i Valdres, eit godt ord på seg
hjå ferdafolket. Reinsligheit og variert kost var lang ifrå noko sjølvskrive på
1800-talet.
Frydenlund har opp gjennom åra hatt mange fungsksjonar. Her var det skysstasjon,
gjestgiveri, telegrafstasjon, postkontor og landhandleri hotell og no i seinare
tid festlokaler til utleige.
Ein av dei store salmediktarane me har i vår kristne
kyrkje, Nikolai Frederik Severin Grundtvig, veit me overnatta her på Frydenlund
i juli 1861. Ivar Aasen var lenge her i Aurdal då han på midten av førre
århundre reiste kring og samle dei norske dialektane som sidan skulle bli
grunnstamma i det nye skriftspråket for Noreg, nynorsk. Då budde han på
Frydenlund. Bjørnstjerne Bjørnson veit me overnatta her. Det sama gjorde både
Edvard og Nina Grieg. Det er og fortalt at dei held konsert og spelte firhendig
på det gamle pianoet som den gong var her. Elles lyt det og nemnast at Hauk
Aabel, som vaks opp på garden Juven, litt nordpå her, var skyssgut her på
Frydenlund i fleire år. Far til Hauk, Andreas, var distriktslege her i Aurdal i
fleire år, og det var og her i Aurdal at han dikta songen: Se Noregs blomsterdal!"
Ein av dei som Aurdal kom til å bety mykje for var den unge
Knut Hamsun som i 1884 kom frå Amerika. Han fekk melding frå sin amerikanske
lege at han hadde tæring og berre eitpar månadar att å leva. Han drog då til
Valdres i von om at det friske fjellufta ville gjera han bra. Hamsun fekk svært
god forpleiing her av ho Mor-Kari. Og hennar son, Erik var Hamsunds næraste ven
gjennom heile livet. Elles lyt nemnast at Knut Hamsund var konstituert postopnar
her i Aurdal godt og vel eitt år. Knut Hamsun gløymde aldri Aurdal og kom sidan
hitatt mange gonger. Her på Frydenlund skreiv Hamsun ein av sine tidlege
romanar, Markens grøde. Seinare skreiv han Victoria på garden Onstadmarké litt
lenger nord i bygda og til siste skreiv han nok ein gong på Frydenlund, det var
i 1930 då han skriv "August."
Musikklivet i Aurdalsbyen
Valdres fekk sin fyrste amtsdyrlege i 1854. Det var Eivind Kristoffersen Bolleng,
frå Fluberg. Han hadde studert i Stockholm, og han hadde plukka med seg mykje av
det selskaplege livet der, både når det galdt musikk og dans. Sidan det var
her i Aurdal at han skulle slå seg ned, fekk han godt bruk for sine moderne
gevantar, sidan det var her øvrigheita og sosieteten budde. Med denne
folkemassen førde det mykje selskapligheit med seg. Og me har godt fått skildra
når det var ball iden gamle prestegarden. Der det vart dansa fransese, lanser,
fandago og gavott, og sikkert mykje anna fint.
Me
veit at Hornmusikken frå bygdene i Land og kring Mjøsa ofte var i Aurdal og
spelte på ball i kring på storgardane. Elles var det felespelaren Ulrik i
Jensestogun som hadde svært mykje å si for musikklivet er i Aurdal. Han var
spelemann til bryllaup, gravferd, til dans og fest for småfolket, men og
spelemann i dei store ballselskapa, og av den grunn var han tidleg ute med å
lære seg dei nye motedansane og musikken som høyrde til. Ulrik sjølv var
notekunnig og skreiv ned eindel melodiar som var populære i andre halvdel av
1800-talet. Mange av dei arrangerte han sjølv for kor, og me veit at både han og
Knut Hamsund song ilag i Aurdal kyrkjekor.
Amalie Sofie Bekkevold, som tidlegare var gift med Henrik Wergeland var
prestefrue her i Aurdal frå 1864-1884. Ho trakterte pianoet og spelte for dei
kondisjonerte. Ulrik i Jensetogun (1850-1919), ein av dei beste spelemenn
Valdres har fostra, var Aurdøl. Han var ein spelemann som verka i ei brytning
mellom det gamle bondesamfunnet og embetsmannskulturen. I tillegg til å vera ein
svært god felespelar var han ein meistar på bukkehorn og fløyte. God songar var
han og. Salmediktaren Catarinus Elling skreiv ned salmetonen: Et hjerteligt
farvel jeg eder nu byder, etter Ulrik. Av musikken etter Ulrik er det lite
som har overlevd fram til i dag. Men ein ung svensk biologistudent og fiolinist
var i Aurdal for godt og vel 100 år sidan og festa over 50 låttar etter Ulrik
til notepapiret. Dette var utkjent for folk flest i mange år, heilt fram til
Svensk visearikv i 1982 utgav dei noteoppskriftene. Såleis har me fått mykje av
Aurdalsmusikken attende.
Elles lyt det og nemnast at spelemannen Olav Moe (1872-1969), opprinneleg frå
Vestre Slidre, men busett i Aurdal i heile sitt vaksne liv, har betydd svært
mykje for Aurdal og elles for Valdres, om ikkje for Noreg. Han heldt ei mengd
konsertar i inn og utland. Faktisk oppheldt han seg eit heilt år i USA for å der
halde kurs og konsertar. Han var politisk aktiv og stortingsrepresentant for Det
radikal folkepartiet. Han vart seinare heidra med Kongen si æresmedalje i gull.
Det lyt og nemnast at Olav Moe var ein nær ven av Edvard Grieg. Og i mange av
Grieg sine komposisjonar kan me finn att låttar frå Aurdal.
Ein av Noreg sine store kyrkjemusikarar gjennom tidene, Ludivg Mathias Lindeman,
fór gjennom Valdres på midten av 1800-talet. Han fekk i oppdrag av regjeringa å
samle religiøse folkemelodiar til den nye koralboka som skulle gjevast ut. Men
han spora heilt av og samla og skreiv opp alt som tenkjast kunne, både av
salmetonar, skjemteviser, drikkeviser og alt anna songbart materiale. Og mykje
takka vera han fekk 18- og 1900-talskomponistane i verda tak i "musikken frå
Fjeldbygderne" gjorde den tilgjengeleg for alle folk. Så kan me i dag vera
takksame for det arbeidet desse gamle spelemennene og folkemusikksamlarane
gjorde, som tileigna seg den musikalske kulturarven vår. Noko som gjorde til at
Noreg, og i særleg grad Aurdal, kan strøyme mot oss i det store utlandet gjennom
musikken til Grieg, Stravinski, Tsjaikovski, Johan Halvorsen, Johan Svendsen og
i nyare tid, Arne Norheim.
- - - - -
Er du interessert i historie og vil veta enno meir
om Aurdalsbyen og Aurdalskyrkja kan du lesa bøkene: Nu god Nat min Ven, på Hamsuns gjengrodde
stier i Aurdal (av Jul Haganæs), Slekt skal følge (av Jul Haganæs), Bak disken
og på landevegen (av Otto A Dieserud), Gode gamle Dage (av Hauk Aabel), Hanna
Winsnes - Dikter og kokk (av Zinken Hopp) og Aurdalskyrkja (av Ivar Aars). I tillegg til desse bøkene står det mange
interessante og spanande artiklar i Tidsskrift for Valdres Historielag og
Årbøken for Valdres Historielag. Ellles vart det i 1992 gjeve ut ein CD med
musikk etter Ulrik i Jensestogun. CD'n vart gjeve ut på Heilo plateselskap, og
den heiter rett og slett "Ulrik".
I løpet av åra har det vorte dikta mange mange songar og viser både i og om
Aurdal. Som før nemnt skreiv distriktslege Andreas Aabel songen: "Se norges
blomsterdal" her i Aurdal.
Visa kan du sjå her.
Visa "I Aurdal i Valdres" er dikta av ei
omreisande dame som heitte Marie Kristiansen. Ho var som ho skriv i visa født i
Aurdal og var av taterslekt. Ho laut ta landevegen fatt berre som 10-åring.
Livet hennar var ikkje særleg rikt på gleder. Ho skreiv viser om livet sitt for
å tene til livets opphald. Marie døydde berre 53 år gamal, og ligg gravlagt på
Ringebu kyrkjegard. Les visa
her.
Nokre smakebitar frå "Tidsskrift for Valdres
historielag"
Småtrekk fra livet i Aurdalsbyen (17. årgang 1939 side 88)
Småstubbar frå
Aurdal (18. årgang 1940 side142)
|