Barne- og ungdomsarbeid

 

Fredagsklubben / Aurdal barnekor drives av kantor Monica Korsli Solberg og Anne Britt Skåthun Sørum. Tre fredager i mnd. frå kl. 14.00 - 15.30 har det vore samla 28 ungar i aldaren 6-10 (1. - 4. kl.) på menighetshuset i Aurdal. Dei som er på SFO blir henta av oss voksne, og følgt tilbake når vi er ferdige. Koret / klubben er tilknytta søndagsskulen og Ung kirkesang.

Vi ét litt mat når alle er samla, før vi startar korøving. Vi avsluttar med ei lese / andaktsstund. Vi har av og til besøk av Solbjørg Urnes Johnson som då tek flanellografen i bruk. Elles har vi hatt besøk av nokre av prestane i prostiet vårt. Vi prøver å få til eit besøk på gamleheimen i løpet av året, og så er vi med på familiegudsteneste, og på 17. mai har vi no vore eit fast innslag. I fjor fekk vi til ein tur til Langedrag, noko som var populært.