Aurdals-kyrkja frå 1737
(Fakta og fabel)
Av prost Ingvar Ødegaard
"Aurdal",
seier dei, fekk sitt namn
av "aur", på ei flate brei og jamn
nedunder Vestringsbygdi.
Der fann dei i mannsaldrar sand og grus
til vegfyll,
og seinare: støyp under hus - .
Gjennom tusenår hadde Faslefossen
med bulder og brus
ved haust og vår
male sund stein og frakta sand
og grus mot det flate land - .
Åbjøra dreiv på ilag med Begna
dura og mol
anten dalen bar drivende kvit eller
grønaste grøne kjol - .
Det var nokon som sa
han visste om rester av kyrkjetuft einstad
tuft etter kyrkje av eldgamalt slag
der nedi det breie bygdelag. -
Men det som er fullvisst, er at det sto
ei tjyrubrædd kyrkje utpå ein mo
- etter gamle-vegen
ditopp der Aurdal kyrkje står no.
Eit Gudshus med klokke i stupulen låg,
som dei fleste i breibygdi aldri såg:
ikkje på øystre meir enn på vestre Bø,
ikkje på Onstad og ikkje på Avok
meir enn på Anmarkrud!
Juv-berget gøymde
den kyrkja brun
for gardar og tun
heilt ovom Kamben og øvst i Åbjør!
Nordover måtte Hovudkyrkja,
- men kor -
langt nord?
Her fekk ingen det siste ord:
Prest og klokkar fekk altof mange
ulike framlegg lagde i fanget.
Lutkasting? - tente til ingen ting!
Allslag fundering gjekk rundt i ring,
til tanken stod kurende still.
Her måtte eit "jarteigdn" til!
Ein har fotrtalt om ein unghest gild
og blank på sin pall,
det var visst på prestens eigen stall,
raudbrun på let:
Den vigde dei til "profet".
Frå ein timber-lunne, like ved
den gamle kyrkja valde dei tre
stokkar så passeleg lange,
og lekkja dei, fyndigt og fast
på ei fullgod køyredoning i hast,
batt opp taumane i ein fei,
smatt på gampen og ropa: Hei!
Føret var fullgodt og vegen grei.
Og hesten sprang,
skal seia, han gjorde kje vegen lang
ned i det søkket synnafor Juven!
Men så gjekk bakken imot
og tamde den kåte fot.
Ved øvste svingen av prestegards-jordet
der stana han brått
som forvisst han meinte at målet var nått.
Dermed så hadde han sagt ifrå
at her skulle nye kyrkja stå!
Og no kunne alle sjå
at nordafor her var det rom for graver
i hundre-tal!
Dei som styrde, gjorde sitt val.
folk slutta å kjekle og sture.
Det bar til å grava og mure.
Djupt måtte grunnmuren gå
grunnen var leirut og rå.
Og så, ja så,
bar det til å veite,
grava tre-alens grefter, på skrå,
nord-mot bekkjesiget
og leide væta ifrå
prest'gardens vassår frå djupe grunn:
Greft attomo greft,
steinsett med hage og harde nevar
ned-for og nordanfor kyrkjemur.
Steinar vart plukka frå røys og urd
og frakta til kyrkjegards-lende,
vende forvende.
Med dug og med dygd
vart nykyrkja bygd.
Og nær innåt kyrkja, ja tett inn-ved,
fira dei snart den fyrste kista
med Gud-grepe ålvor ned.
I dag lyt dei reknast i tusental,
som gøymde vart her under torva sval
etter få eller mange prøvings år
i ei verd der alle mot gravi går. -
Men rart er å vandre på kyrkjegarden
og lesa namn etter namn
på folk du møtte på pilgrimsferd
mot ei uforgjengeleg verd. - -
Ei bygd i sol
er det øystre Aurdal
med årviss korn alt til øvste flekken
med åker fin attom orderhekken
der vatnet sig over svad -.
Ei jordbrukarbygd der kvinne og mann
si næring fann
gjennom hundreår
i skiftande kår.
Og rundt om kyrkja ein Aurdals By
kvar vårdag ny
som sentrum i sokn og prestegjeld,
med gjennomgangs-veg mot Filefjell,
Her fann ein fut og skrivar
og lensmann og lækjar og prest.
Her var hotell for farande folk
som kjøyrde smått i trille
som svalla, med kusk med ubrukt svolk.
Her var det dugande handelsmenn
som skaffa vare av alle slag,
og som betre og betre kunne sitt fag.
Her låg den lærde skule
for Valdres, alt i den tid
då fyrste lokomotivet
prusta forbi.
Ja, ei jarnvegs-line
kloss ved ei kyrkjegardsgrind,
er det godt at me slepp å krysse idag.
Dobbelt-bru over frå "Snikjesnyta"
er kryssing av skikkeleg slag!
Jarnvegen, stakkar, som dura og blés
kom til å frakte altfor mykje til Fagernes.
Men bilar i kø, frå sør og nord
er lite å jublilere for.
Det ståkar og bråkar
kring tempel og graver
- Ein kan bli kald.
- Men i sumaren blide og vinteren kvit
ser "Gamle-Aurdal" - på høvleg hald -
kyrkja tårnhøg der aust på sin vang,
fredfullt og fagert
lagd midt i heile den breie bygdi
som eit moderfang!