Kapellet

I gamal tid gjekk gravferdene føre seg frå garden/heimen der den døde budde. Etter mat, dram og salmesong gjekk ferda til kyrkjegarden. Kista med den døde eller gravfylgjet var aldri inne i kyrkja til nokon seremoni.

Men i 1937 drøfta soknerådet tanken om eit eige gravkapell med bårerom. Fart i sakene vart det fyrst året etter då Gustava Rasch frå Aurdal gav eit større beløp til oppføring av kapell på kyrkjegarden.

Det var Arkitekt Krogseth i Trondheim som teikna kapellet, og byggmesitar Amund Bratrud som stod for bygginga. Kunstmålar Mons Breivik stod for utsmykkinga. Kapellet har sitjeplassar til kring 150.

Fram til 1990 var det kapellet som vart brukt til gravferder. Kyrkja vart berre brukt om ein venta mykje folk. Men etter 1990 har alle gravferdene gått føre seg frå kyrkja.

Kapellet står i dag ubrukt. Berre nokre få konsertar har funne stad i løpet av dei siste åra. I kjellaren til kapellet er det bårerom og kjølerom.

Kapellet vart fyrste gong teke ibruk til ei gravferd i mai 1940. Det var gravferda etter Gustava Rasch, ho som gav pengar til bygging av kapellet.

Akustikken i kapellet er svært god, og det har difor vorte nytta til eindel konsertar. I 2000 kjøpte soknerådet eit flygel (Hornung & Møller) som no står i kapellet.

Utsmykkinga inne i kapellet består av måleri langs veggene. Sentrumsmotivet er den oppstandne Jesus i fanget på Gud. Ansiktet på Gud ser me ikkje, men Guds auga er avbilda heilt nedst på veggen. Auga er stort, og kan lett forvekslast med eit vatn. På sørveggen er motiva i måleria henta frå menneska sin kvardag. Me har dåpen, konfirmasjonen, såmannen som går på marka, og me har døden. På nordveggen har me motiv frå Jesu liv, opptakinga i tempelet, undervisninga av læresveinane og hans død, og til sist oppstoda. Mange Aurdøler vil nok kunne kjenne att trekk frå sambygdingar som har vore motiv for måleria.


 


Sentrumsmotivet med Jesu oppstode. Nedst ved golvet; Guds auga.


Dåpen


Såmannen


Jesus opptakelse i tempelet


Detalj mot galleriet og utganen