Jubileumssalme - 250 år i 1987

Då Bagn og Aurdal kyrkjer feira sine 250-årsjubileum i 1986 og 1987 skreiv gamleprosten, Kristoffer Juvkam Ørjavik, ein jubileumssalme. Temaet i salmen er henta frå 1. kong 8,13:"Bygget har jeg et hus til bolig for deg, et sted hvor du kan bo til evig tid." Det var dette verset prost Landt tala over då grunnsteinen til båe desse kyrkjene vart nedlagt. For Aurdal sitt vedkomande var det dagen før Kristi himmelfartsdag i 1735. Nils Henrik Asheim har sett melodi til denne salmen.


Gud vår Far som skapte ljoset
og gav liv til alt som gror.
Takk at Du i Sonen bygde
Deg ein heim hjå oss på jord!
Han som åtte allheims rømder
fann eit ly i ussel stall,
let seg nagle fast til krossen
for å vinna verda all.

Jesus Kristus, deg me takkar
for du har di kyrkje her
så me ordet ditt kan høyre
og får leva deg så nær.
Takk for nådens opne kjelde,
takk for dåp, for brød og vin!
Takk for vegen heim kan finnast
her som altarljosa skin!

Heilag Ande, du vår trøystar
som gjev kjærleik, tru og von,
legg di bøn i hjarto våre
om å gledast med Guds Son
dagen då han kjem attende,
så me alle må bli med
i ein evig lovsongs jubel
i ein heim av ljos og fred!