Kyrkjeklokker

Frå Boka Aurdalskyrkja av Ivar Aars

Det har vori mange kyrkjeklokker i Aurdalskyrkja. I stavkyrkjetidi var det både klokker i kyrkjetårnet og i eigen stupul, ei ordning som er særleg typisk for Valdres – elles i landet er det som regel anten stupul (fritståande klokketårn) eller klokker i kyrkjetårnet. Og for å gjera det endå meir variert – i Reinli kyrkje var det ein stupul der det opphavleg berre skal ha vori ei handklukke som då vart oppbevar i Aurdal kyrkje eller prestegard!  I 1665 ynskjer aurdølene ny kyrkje med tømra tårn. Då kan ein få plass både til dei to små klokkene ”som nu brugis”, og dessutan dei to store klokkene som før hang i stupulen, men no nokre år har stått på jordi og ”icke wæret brugt”. I 1695 var det og fleire klokker, då det ”er girt een nye Lædder Rem med Sølje til hvorudj Belden til den eene Klocke henger”. Ved synfaring i 1740 er inventaret til stades ”undtagen de 2de smaa munk Klokker”. ”I Taarnet henger alleene 2de og altsaa mangle reen stoer Kloke, thi de øfrige 2de Kloker som Kierke Stolen handler om de findes vel, men ere Sprukne og ubrugelige, thi vil de omstøbes til een stoer Klocke paa det at udi Taarnet kand komme 3de Klocker som er alt hvad same taaler at bære, besagde omstøbnin medtager 40 rdr.”
 

Til alt hell hadde den danske runeforskaren Worm hundre år før fått til ei teikning av ei mellomalderklokke med runeinnskrift, frå Aurdal. Worm fortel 1643 om klokketårnet med klokka. Runeene skal om teikningi er rett setjast om til gamalnorsk slik: Kupman kerpe mik, dvs. Gudmann gerdi mi, Gudmann (eller udmund?) gjorde meg. Sophus bugge har gissa på at avskrifti er feil når det gjeld ein bokstav, at mannsnamnet skal vera Gudmar og runene frå midt på 1100-talet. Anders Bugge daterer til ikring 1300, og då kunne ein samanlikne namnet Gudmann med Hermann og Tidemann, som då var nyinnlånte namn i Noreg, båe finn me i kjende stadnamn i aurdal sokn (Timannstølen og Hermannstølen).

 

Til tradisjonane kring kyrkje og klokke høyrer og klokkelåttane, i Valdres mange stader med einfelte, ofte noko humoristiske småe rim til. Rangdi Moen frå Vestringsbygdi fortalde at dei stundom song etter Aurdalskyrkjeklokkene: ”Ding, dang dalang, Tøstein Smalang”.

 

Reparasjon av kyrkjeklokke går att som ein raud tråd i kyrkjerekneskapane. I 1752 får kyrkja ny klokke, den største og eldste i kyrkja no. Klokka er laga i Nederland, og ynsket frå 1740 om å støype ny klokke av dei to øydelagde som var i kyrkja då, kan det ikkje har vorti noko av. På klokka er det arkantuspalmetter nedst og ornamentbord med englar øvst. Mellom bordane står denne innskrifti: ”Joan Nicolaus Derck me fecit Hornæ Soli Deo Gloria Hornæ 1752” ”(J.N.Derck laga me” og ”Berre Gud Ære”). Slike nederlandske englefirser er svært kjende, englande som spelar er eit meisterleg detaljkunstverk.

 

Ei klokke til fekk kyrkja i 1834, frå Knud Christian Schmidt i Christiania (Oslo). I 1853 les me om ”Reparasjon paa den store Kirkeklokke, samt Rem og Benking paa same 1 Spd 4 (ort) 2 (skilling). Tormod Haugen fortel at farfar hans, Trond Haugen, var med på kyrkjeklokkereparasjon truleg kring hundreårsskiftet. Klokka var for stor til å koma ned på ordinær vis, og dei laut skjera ut noko av takbjelkane og ta hol i sjølve himlingi for å fire klokka ned. Merke etter holet syner tydeleg rett fest for preikestolen.


Den nederlandske klokka ber svært så tydelege merke etter ein grundig reparasjon.


I 1927 drøfter soknerådet ”den sprukne kyrkjeklokka”. Ein vil skaffe ny kyrkjeklokke med balanseringsapparat til den gamle klokka og , dersom plassen i trnet tillet det. Ny klokke skal tingast hjå klokkestøypar Olsen Nauen i Tønsberg

 

 

 

 

 

 

 

Klokkeskriften:

I.  Soli Deo Gloria. Nicolaus Derck Me fecit. Hornae Anno 1757.

 

II.  O. Olsen & Søns klokkestøperi, Nauen pr. Tønsberg 1927.

 

            Ringer jeg til ro de døde,

            Ringer jeg til kirkemøde,

            Altid er jeg Herrens tolk,

            at han samle vil sit Folk.



Ein video med ringing er spelt inn i tårnet i Aurdal kyrkje. Videoen er å finne på CD'en "Underlege makter" utgjeve på ta:lik plateselskap.