Kulturkyrkja i Aurdalsbyen
Aurdalskyrkja - prostikyrkja og kulturkyrkja i Valdres!
Aurdal kyrkje har ei lang og
spanande historie bak seg. Både som ein institusjon men og som kyrkje og
Gudshus, og kulturellt samlingspunkt.
Noverande kyrkje er ikkje eldre enn frå 1737, men Aurdølene har hatt kyrkje i
lang tid før denne. Den gamle stavkyrkja på Søreishaugo vart truleg bygd ein
gong tidleg på 1200-talet og stod fram til 1735 då bygginga av noverande kyrkje
starta. I kyrkja i dag har me deler av ein døypefont som truleg er eldre enn
stavkyrkja frå 1200-talet. Kor har så den døypefonten stått før? Har det vore
enno ei kyrkje i Aurdal?
Aurdal vart gjennom hundreåra etter reformasjonen det administrativet senteret i Valdres. Her var budde presten/prosten, lensmannen, legen, skrivaren og futen. Her var skysstasjonane, motebutikkar, landhandleri, ja stort sett alt som trengtes i ein "småby" som Aurdalsbyen var. Sidan det var samla så mykje embetsfolk på ein liten stad vart Aurdalsbyen ein smeltedigel for kulturellt mangfald. Embetsfolket hadde med seg sine vanar, kulturar, ideologiar og ikkje minst lærdom. På bakgrunn av dette kom nye stilretningar innanfor mote, musikk, dans og byggeskikk til å prege Aurdalsbyen. Her gjekk fattige husmannsfolk rundt i slitte og velbrukte klede og spelte og dansa springar og laus i festelege lag. Men her gjekk óg embetsfruene rundt i sine "krinolineskjørt og reisehatt og flor" og dansa lancers, francese og Fandango når dei kondisjonerte hadde sine ballselskap. Amtsdyrlege Eivind Kristoffersen Bolleng kom til Aurdal i 1854. Han var av dei få som hadde omgang med både husmannsfolket og dei kondisjonerte. Han hadde ei skarp tunge, og her fylgjer to vers av ei vise han dikta om livet i Aurdalsbyen:
Om
Pigerne i Aurdal jeg og vil si et ord.
Jeg nevner ikke Navnet ei heller hvor de bor.
De strir af alle Kræfter at ligne Storfolk efter,
med Krinoline Skiørter og med Reisehat og flor.
Jeg noget og vil sige om den
simple Bondedræng.
Han fjaser og han klær sig efter Kondisionerte slæng.
Med Trøie utaf Klæde, om Halsen Sølverkiæde,
og ennu meget mere som jeg ej beskrive kan.
Me har mange kjente namn frå
Norgeshistoria som har hatt tette band til Aurdal og Aurdalskyrkja.
I 1827 kom presten Paul Winsnæs hit. Han var gift med Hanna Winsnæs, den kjente
dikter og kokk. Ho som gav ut kokebøker i ei tid då mange enno ikkje kunne lese.
Er det kanskje frå tida som prestefrue i Aurdal at ho tok ibruk uttrykket: Man
tager hvad man haver, ett snes ægg...... (Vil du vite meir om Hanna Winsnæs og
Aurdal kan du lese boka: "Hanna Winsnes - dikter og kokk" av Zinken Hopp.)
Midt på 1800-talet kom Ludvig Mathias Lindeman, organsiten i Oslo domkyrkje, til Aurdal. Han var på reise kring i landet for å samle folketonar. Han kom fleire gonger attende til Aurdal. Me veit og at han spelte på orgelet i Aurdal kyrkje.
Mot slutten av 1800-talet var enno fleire kjente namn innom Aurdalsbyen. Knut Hamsum kom attende frå Amerika og fekk pleie og omsorg på Frydenlund skysstasjon. Han budde i lengre tider her i Aurdal. Ei periode var han konstituert postmester her. Me veit og at han var med å song i Aurdal kyrkjekor. Hauk Aabel vaks opp i Aurdal. Han var ei periode skyssgut på Frydenlund. Far hans var distriktslege i Aurdal. Og det var her han skreiv songen: "Se Norges blomsterdal.". Vidare hadde me Amailie Sofie Bekkevoll, enka etter Henrik Wergeland. Ho var prestefrue her i 20 år. Med henne og mannen, Nils Andreas Biørn, førte det mykje selskaplegheiter med seg. Aurdal og kulturen her hadde nok i andre halvdel av 1800-talet og godt inn på 1900-talet ei god blømingstid.
Tre av dei fire siste prostane som har hatt bustad i Aurdal er godt kjente som salmediktarar, Ingvar Ødegaard, Kristoffer Juvkam Ørjavik og Håkon Haus. Tidlegare var og kapellan Johannes Nilsson Skaar frå Hardanger (seinare biskop i Bjørgvin) her i Aurdal. Han skreiv og omsette salmar.
Kulturkyrkja i dag
Aurdal kyrkje har i dag eit rikt gudstenesteliv. Frå sumaren av har me gudstenester i kyrkja annankvar sundag. Barnekoret og forsongarkoret deltek ofte på gudstenestene. Det gjer og ulike musikarar som på kvar sin måte er med på å gjera gudstenesten til ein fest. Annankvar onsdag (frå 3. september) blir det ein halvtimes konsert i kyrkja. Konsertane startar kl. 1830. Annankvar onsdag, altså dei dagane det ikkje er konsert, vil kyrkja vera open eit par timar på kveldstid for ei stille stund. Sjå elles linken I skumringen.
Kyrkjelyden driv óg eit aktivt barne- og ungdomsarbeid. Barnelaget, Seier, Diamanten, Fredagsklubben og barnekoret er noko av dei tilboda som finst. I tillegg har diakoniutvalet ei aktiv besøksteneste.