Minne frå Aurdal

Av prost Håkon Haus

Eg ber i mitt sinn eit minne
frå Aurdal ved sumars tid
halvgøymt ligg det derinne
i hugen som draumen blid

Det var så ved høgsumars tider
på vegen mot Jotunheims fjell
det blømde i alle lier
og solvarme bakkehell.

Eg fylgde så glad og fegen
opp gjennom dalen blid
den eldgamle kongevegen
som låg her frå farne tid.

Så frodig låg enga med blomar
kring kyrkje og prestegards tun
det var så herleg ein sumar
i dalen så brei og lun.

Det er vel så ljost eit minne
eg tenkte på prestens kall
og draumen som låg meg i sinnet
heilt ifrå ungdomen all.

Eg tenkte på prestens gjerning
i kyrkjer ved fjell og fjord
Guds evige rike signing
i heilage kyrkjekor.

Eg såg frå det høge strøyme
ei bylgje av signing ned
synet eg støtt vil gøyme
av signing og ljos og fred
  No runne er år og dagar
dagar så mange i tall
underleg det seg lagar
her fekk eg mitt prestekall.

Vent ligg vel Aurdal kyrkje
blømande blomar ikring
peikar i helg og yrkje
opp mot dei evige ting.

Her er Guds bustad den kjære
her er hans heilage ord
her er han sjølv oss nære
ved dåp og ved nattverdbord.

Det under er utan like
at Herren sjølv er oss nær
her er Guds himmerike
hans bustad iblant oss er.

Deroppe i kyrkjekoret
står fonten frå gamal tid
slekter ved livsens ordet
vart døypt til den gode strid.

Og over heng himmelkrona
med blomekransen ikring
di synd er tilgjeve og sona
og himlen er evig din.

Det lyser frå altarbordet
med Kristi heilage kross
det evige livsens ordet
om han som døydde for oss.
                   - - -

Må bygda og dalen bløma
i ljoset frå Herrens ord
og folket i fred og søma
få samlast i kyrkjekor.