
| Orgel Nytt orgel i Aurdalskyrkja vart innvia syndag 27. desember 2011. Orgelet er bygd av Henning Andersen og Espen Selbæk og har fylgjande disposisjon. ![]()
I dette orgelet er det gjennbruk av alle piper frå Peter Ingvald Berntsen sitt orgel til kyrkja frå 1904. Noko av pipematerialet frå utvidinga i 1972 er brukt.
Orgelet frå 1792
"Anno 1792 Den 12 december er dette Orgel til Ourdhls HovedKierke foræret af den gudfrugtige Matrone Anna Sofie Landt Enke efter forhen 1777 afdøde Wærdige Soknepræst Her til Ourdhl Jonas Landt Som begge vare føde Her paa Stædet. Deres ærværdige Minde Bliver Her Til Børen og børne Børens Slægter. Anne Sofie Lahs Landt Fød Stilou Enke Stafered Aar 1795"
Orgelgalleriet i kyrkja vart bygd i 1792, og orgelet fekk si plassering der. I det midtste feltet er kongemonogrammet C7 og årstalet 1795 måla. Det tyder at både orgelet og galleriet vart måla i 1795, av Ola Hermundson Berge. Etter nokre år ser det ut som om at orgelet fekk dei to gamle vengjene frå den gamle altartavla frå stavkyrkja påmontert. Nokre år seinare fekk orgelet og eitt toppstykkje, truleg skore ut av Aslak Olson Lie, som budde i Aurdal frå 1835 - 1848. Toppstykkjet syner ein engel med ein trompet og krosslagt fele og gige. Orgelet sin disposisjon har truleg vore som fylgjer: Oktav, Gemshorn, Flute, Quinta, Sordun, Gedakt I boka si, Gode gamle dager, skriv Hauk Aabel om oppveksten sin i Aurdal. Han fortel at far hans, distriktslege Andreas Aabel, ofte vikarierte som klokkar og kyrkjesongar i Aurdal. Han fortel vidare at orgelet på denne tida (1880-åra) var i svært dårleg forfatning og at kyrkjesongaren med det fekk meir jobb med å lede salmesongen enn vanleg var, sidan kyrkja altså hadde orgel. Vil du lesa meir
om det gamle orgelpositivet kan du laste ned Stein Johannes
Kolnes sin rapport
her. Nytt orgel i 1904
I 1904 var orgelet så utslite og dårleg at det vart bytta ut. Aurdal sokneråd hadde oppe orgelsaka på møtet sitt 27. oktober 1903. Der står det å lesa: «Man besluttede at forhandle med Orgel-bygger Berntsen om at levere et 8 Stemmers Orgel for 2100 Kr. Contant ved Orgelets Levering.» Nytt orgel var på plass utpå vinteren i 1904. Orgelet hadde 8 stemmer fordelt på ein manual og pedal. Disposisjonen var som fylgjer: Prinsipal 8'
Gedakt 8'
Orgelet var levert av orgelbyggjar Bernhard Berntsen. Orgelet hadde spelepulten i front. Det gamle orgelet vart gjeve til Valdres Folkemuseum og stod der fram til hausten 2000, då me fekk det attende til Aurdal kyrkje. Der står det no under galleriet og ventar berre på å blir restaurert for så å kunne klinge ut som det gjorde då det kom til Aurdal kyrkje i 1792.
Dette orgelet vart ei blanding av mykje rart - gamle piper frå Berntsenorgelet frå 1904, piper frå andre gamle orgel, og nokon nye piper. Orgelet vart intonert i neobarokk stil. Intonasjonen var kanskje ikkje så heldig og orgelet hadde ikkje den gode klangen det gamle instrumentet hadde. Orgelet var spisst og kvast i klangen. Etter at orgelet hadde tenestegjort ein del år meldte problema seg stadig. Mekanikk av simplaste og billigaste sort var vald, og den var no ustabil. I tillegg klaga både folk og organistar over den dårlege klangen i instrumentet. I 1998 vart den fyrste orgelkomiteen sett ned og det vart drøfta kva ein skulle gjera med orgelsituasjonen. Nytt eller bygge om? Det vart ynskje om nytt. Innsamlingar og søknadar om stønad vart skrive, men resultata kom ikkje. Komiteen vart lagt ned og låg nede ein del år. Men det vart gjort vedtak om å bruke minst mogleg pengar på orgelet - minimalt stemming. Reparasjonar for få orgelet spelbart til bryllaup, gravferder og gudstenester vart gjort på frivillig basis. Ein håpa no at eit større beløp ville koma frå fellesrådet/kommunen når eit konkret prosjekt låg på bordet. Frå 2009 og fram til mai 2010 var situasjonen meir og meir alvorleg for orgelet. Organisten visste til slutt ikkje korleis orgelet ville oppføre seg når ho skulle spele. Nokon gonger ville det lystre men andre gonger ville det spela av seg sjølv. Under gudstenesten 1. pinsedag i 2010 kollapsa orgelet nesten heilt. Det vart gjennomført noko fyrstehjelp slik at gudstenesta kunne avrunnast med verdighet. Ein avskjedskonsert vart raskt skipa til, og 26. mai 2010 spelte altså orgelet sine siste tonar.
Nytt orgel 2011 Etter mykje tankeverksemd, diskusjonar og meiningsutvekslingar kunne me byrje å legge fram disposisjonar på bordet. Mange vart forkasta men til slutt hadde me eit framlegg å jobbe vidare på. For ein så liten sum som kr. 308.000 sette det ein god del begrensningar for orgelet. Dei gamle pipene frå 1904 skulle få vera med vidare. De representerte ikkje berre ein økonomisk verdi, men så absolutt ein klangleg og ikkje minst ein kulturell verdi og byggje vidare på. Med desse stemmene som eit fundament i det nye var grunnlaget for eit romantisk instrument lagt. Eit instrument bygd etter dei klanglege ideala frå 1904. Dette ville bli eit orgel med djupe, mørke og varme stemmer - klangar som vil kle kyrkjerommet på ein god måte. I tillegg til dei pengane soknerådet løyvde har det kome inn pengar gjennom ofringar, minnegåver etter gravferder og andre gåver. Dette har ført til at orgelprosjektet kunne utvidast mykje. Arbeidet med å skaffe nye piper tilpassa dei gamle hadde byrja. Etter mykje sonderingar, telefonsamtalar og mange timar i bil rundt for å inspisere kyrkjeloft og gamle prestegardslåvar, hadde me klart å skaffe orgelpiper frå gamle orgel, piper som ville klinge godt saman med dei gamle 1904-pipene. Orgelkomiteen knytta utpå vårparten 2010 til seg orgelbyggjar Espen Selbæk frå Løkken Verk i Sør-Trøndelag. Nye diskusjonar og tankar kring disposisjonen til orgelet vart gjennomført. Me sat no etterkvart med disposisjonen til eit stort orgel på 23 stemmer - 6 stemmer meir enn det gamle hadde. Denne utvidinga av stemmetalet førte så med seg ein del utfordringar med omsyn til plass. Orgelet var i utganspunktet svært trangt som det var, men med ei utviding og kreativ tenking vart dette problemet óg løyst. Den gamle fasaden skulle brukast oppatt, men denne skulle no utvidast med 130 cm i breidden. Orgelet skulle trekkast 40 cm lengre fram på galleriet og til slutt skulle fasaden senkast 30 cm slik at den ikkje lenger vart skjult av takbjelken.
I skrivande
stund har orgelbygginga kosta 450.000 kr. Dette er kring 1 /10
av kva eit nytt tilsvarande ville koste. Innviing av det nye orgelet vil gå føre seg på gudstenesta sundag 27. november kl. 18.30. Der vil fylgjande medverke: Biskop Solveig Fiske, prost Anne Hilde Øigarden, prostiprest Signe Elisabeth Kvåle, kantor Monica K. Solberg, klokkar Anne Britt Sørum, kyrkjetenar/orgelbyggjar Henning Andersen, orgelbyggjar/intonatør Espen Selbæk. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||