Prestar i Aurdal gjennom tidene
(Henta frå boka Aurdalskyrkja, av Ivar Aars)

Prostar for Valdres
Det er uvisst om det var ei fast ordning med prosti i Valdres i mellomaldaren. I 1361 ættleider prost Ivar Trondson dotter si ved døri til Slidredomen. I mellomaldaren var økonomiske oppgåver som rekneskap ei hovudsak for prostane, eit slag ombudsmenn for bispane. I 1466 har avlidne Magnus Nikelsson (Røn) gjeld til Stavangerbispen for prosteombodet.

Statsarkivet gjev opp Valdres prosti frå reformasjonen til ikring 1670, men i eit notat i margen er reknskapsprotokoll for Valdres og Hedemarken prosti 1673-81 nemnt. Opplysning om at Valdres og Hallingdal prosti vart danna medan Nils Andersen Spydeberg var prest (1638-78), skapar problem når det samstundes er nemnt at Spydeberg verkeleg var prost også over Hedemarken. Dessutan skriv Stavanger Domkapitels Protokol om Christen Pedersøn i Aurdal som prost og Valdres og Hallingdal både i 1611 og 1613. Statsarkivet har i sine lister ikkje nemnd aurdalspresten Christen Pedersøn som prost, men har derimot Christen Pederssen, prest i Slidre, i 1619. Anders Frøholm slår fast at desse ikkje kan vera identiske. Konklusjonen synest å måtte bli at inndelingi i prosti på 1600-talet er uklår og skiftande.

I april 1737 vart Toten og Valdres prosti danna av Land, Toten, Vardal, Biri og Valdres. I åri 1814-16 vart Toten skilt ut frå dette prostiet. November 1852 vart Valdres prosti oppretta att, med Land prestegjeld inkludert fram til 1864

Sokneprestar
Føre reformasjonen har me berre namnet på ei handfull prestar i Aurdal. O.K.Ødegaard og Knut Hermundstad (truleg i avskrift etter O.K. Ødegaard) fører rett nok opp prestane Birgir i 1317, Tord Fredrikson i 1343 og Gudbrand Bergtorson i 1345. Desse er omtale i diplom som alle er prenta og omsett i årbøkene for Valdres. D\Når det gjeld Gudbrand Bergtorson, syner tidlegare uprenta brev, no preta i Åbok for Valdres i 1985, samanhengen rundt arvestriden i Røyne i Øystre Slidre. At Gudbrand skulle ha vori prest i Aurdal, verkar heilt urimeleg.  Også når det gjeld Birger og Tord, synest det å vera rein gissing å føre dei opp i Aurdal, sjølv om dei har vori prestar i her i området.

Svartedauden i Valdres 1349 endra tilhøvi for prestane fullstendig, og det kan verke som fleire kyrkjesokn kan hende lengre periodar er samanslegne, slikat me nærmar oss meir til vår tids prestegjeld med fleire kyrkjer (ikkje berre kapell) under ein sokneprest. Kunne dei forsvunne gardane Bratrud og Hellingi i Aurdal rett og slett vera gardane i Reinli?

Som me har sett ovafor, får soknepresten i Aurdal etter reformasjonen ansvar for heile Sør-Valdres, etter kvart med fleire g fleire kyrkjer. I 1804 blir prestegjeldet delt, og kapellane på Håe ved Leira forsvinn samstundes med at eigen sokneprest i Bagn tek over noverande Sør-Aurdal og Bruflat. 1893 blir også Etnedal eige prestegjeld, og Ton (Nord-Etnedal) med Tonskyrkja blir skild ut frå Skrautvål.

Sokneprest: Lunds sokn (Aurdal sokn)  
   
Bergulv Tordarson  1358
Harald Ulvsson                    1375
Per Nilsson 1517, 1519
   
Aurdals prestegjeld eller soknekall etter reformasjonen.
Ludvig Søfrenson (Sørensøn) 1542
Klaus Mortensøn 1560
Maurits Nilssøn -1552-73-
Hans Olsøn -1575-
Peder Christensøn -1578-
Christen Pedersøn -1604-13-
Peder Hansen Colding 1613-47
Peder Pedersen Colding el. Ourdahl 1647-86
Lauritz (Lars) Nilssøn Gram 1686-91
Andreas (Anders) Christensøn Morland 1691-1730
Peder Joachim Christophersøn Landt 1730-56
Hans Peyman (Pegman) 1756-62
Jonas Landt 1764-77
Jørgen Christian Gulberg 1778-82
Jens Finne Borgchgrevink 1782-92
Peder Album 1792-1805
   
Nordre Aurdal prestegjeld (kgl. res. 29/11-1805
Hans Jørgen Helt 1805-27
Paul T. Winsnæs bilde 1827-30
Hans Leganger Steenbuch 1831-40
Torger Olsen Melbye bilde 1841-62
Nils Andreas Bjørn bilde 1863-84
Christian Herman Ulrich Wisløff bilde 1884-1911
Paul Knudson Dybsjord bilde 1911-27
Einar Kjørstad bilde 1927-47
Odd Herredstvedt 1947-48
Ingvar Ødegaard bilde 1948-71
Kristoffer Juvkam Ørjavik bilde 1971-81
Håkon Haus bilde 1981-87
Georg Espolin Johnson bilde 1988-2009
Anne Hilde Øigarden bilde frå 1. oktober 2009

Kapellanar
Frå midten på 1600-talet fanst "personlege kapellanar" i Aurdal, slik at soknepresten hadde ein personleg hjlepar i det store kallet, iblant hans eigen son. Får midten på 1700-talet (visstnok 1759) vart tittelen residerande kapellan, og det var garden Håe ved Leira som var kapellangard. Ved delingi i Nord- og Sør-Aurdal fall kapellansodningi bort (1805), til behovet meldte seg att seinare i hundreåret. Tilsvarande personlege hjlepeprestar vart då nytt att. I vårt århundre (1930) skriv så biskopen at det ikkje er noko hinder for at kandidat i teologi Skiaker kan ta imot "kirkens innvielse til det prestlige embede for å bistå sognepresten i Nord-Aurdal i betjeningen av hans embede." Dels hjelpte ein prostikapellan seinar til, og rett etter krigen vart det kjempa fram stilling som hjelpeprest, så kallskapellan før residerande kapellan med meir sjlvstendig funksjon kom att.

Dei prestane me veit at soknepresten i Aurdal har hatt til hjelp, er då:   

Peder Pedersen Colding 1646-7 kapellan hjå far sin
Andreas Pedersen Heide omkr. 1650-  
Lauritz (Lars) Nilssøn Gram 1666-86  
Hans Pedersøn Coling omkr. 1668 kapellan hjå far sin
Christen Bugge 1705-11  
Bertel (Bartholomeus)Jensen Worm -1725  
Hans Joachim Machmann 1732  
Even Pedersen Steen 1736-44  
Hans Peyman (Pegman) 1744-56  
Jonas Landt 1756-59 kapellan hå far sin
Rasmus Tisvilde 1764-66  
Jørgen Rømer 1766-85  
Peder Album 1785-92  
Christian Kiønig 1792-93  
Frederik Müller 1793-1801  
Jens Johan Garnes 1801-04  
Hans Jørgen Helt 1804-05  
Johannes Nilsen Skaar 1857-62 seinare biskop i Stavanger
Karl Breyholtz 1878-85  
Anton Fredrik Winther Jakhellen Prytz 1886-88  
Anton Schøning Johnsen 1903-05  
Conrad Krohn 1905-09  
Paul Skiaker 1930-31  
Arne Anmarkrud 1935-38 prostiprest (ny stilling)
Odd Herredstvedt 1938-41  / 1946-48  
Leif Martinsen 1948-49 midlertidig hjelpeprest
Andreas Eidsaa 1949-62 kallskap frå 1956
Trygve Dagsland 1962-70  
Nils Kristian Lie 1971-78 res.kapellan frå 1973
Håkon Haus 1978-81  
Ragnar Enger 1982-1997  
Frede Mandt Fjågesund 1997-2006  
Jostein Enger 2007- sokneprest frå 2007